Stjerner og nordlys var umogeleg å fange med mobilkameraet, istaden stilte Måløybrua og byen med litt lys. |
I kveld har eg og hunden Walter vore ute og sett på stjernene. Det var så mange av dei i kveld, og dei var så store og klare. Og eg tenkte at dette er det lenge sidan eg har gjort; stå slik og sjå mot himmelen til nakken blir stiv og bakken nesten flyttar seg under beina mine. Kjenne at stjernene er både heilt nære og uhyre langt borte. Lure på kor mange andre kringom i verda som står nett slik nett no. Føle meg bitteliten og kjempestor på same tid.
Vi skulle berre gå ein liten kveldstissetur, men så kom brått Nordlyset over oss. Det bølga seg stille og blått bak fjella over den vesle byen vår. Så vakkert. Og dermed vart vi ståande. Lenge. Heilt til den kalde nattelufta fekk lirka seg innanfor dunjakka mi og eg måtte byrje å gå for å få varmen tilbake.
Så no sit eg her inne i den varme stova, med hunden liggande under skrivebordet, nesten oppå tærne mine. Og eg tenkjer at dette burde vi gjere kvar kveld; gå ut og sjå på stjernene. Walter er samd i det. Han seier iallefall ikkje noko anna.
God natt!