Hjartesorg for det som var, men ikkje varte. Hjartesorg for det som skulle bli, men ikkje blei.
Eg klarer ikkje å få ut pakkane til nettkundane like raskt som eg skulle ynskje, men eg pakkar dei framleis med glede og kjærleik. Vit det, iallefall. Og enkelte kundar i Måløy har kanskje sett meg komme fram frå bakrommet med "rusk i auget". Kanskje har nokon prøvd å maile eller ringe, utan å få svar like raskt som de pleier, også?
Enkelte dagar har eg tenkt at i dag klarer eg ikkje å gå på jobb. Men kva skal ein skrive på døra då? "Stengt pga hjartesorg", liksom? Eg er nemleg så dårleg på å lyge... Eg har aldri sett eit skilt på ei dør med den teksten. Men kvifor ikkje? Kvifor er ikkje hjartesorg gyldig grunn til å vere nede for teljing? Det er verre enn spysjuka. Og varer som regel lenger, også.
Så no veit de grunnen, dersom eg ikkje er like tilstades. Eg er lei for det, og eg lovar at det betrar seg snart. Hjartesorga blir ikkje borte med eit knips, eg må berre finne ein måte å skubbe den litt unna, slik at den ikkje fyller heile dagen min. Eg finn ut av det. Eg fiksar det. Snart.
-åse-