Av og til skal ein berre grave litt i lomma og spandere ein blome på seg sjølv.
Det kan gjerast på fine dagar eller litt fæle dagar. Begge deler kan vere like bra.
Sjølv tykkjer eg blomen bør ha glade fargar, og helst bør den puttast i ei potte
med glad farge, også - for å få mest muleg energi og glede utav det heile.
Men om du kjøper ein kvit blome og puttar i ei kvit potte, så har det nok sikkert
same effekten på deg, fordi det var det du villa ha. Nemleg. Poenget er å gjere
noko fint for seg sjølv. Det i seg sjølv, i tillegg til å ha noko fint å sjå på,
gjer alle dagar betre. Både dei fine og dei litt fæle. Heilt sant. Eg veit.
-åse-
Da håper eg at du får en fin dag Åse :)
SvarSlettJau takk, dagen har vore fin. Kanskje delvis pga den fine blomen min? Ikkje godt å seie :)
SlettHeilt enig! Veldig kul potte og knæsj blome!
SvarSlettMvh, SiwK.
Fineste Åse-venn. Du har så rett!
SvarSlettOg du, du sprer så mye glede. TAKK!!