fredag 11. november 2011

Fargar på veg!

Noko av det kjekkaste ved å drive butikk, er å pakke opp nye varer.
Opne øskjer og løfte ut herlege former og fargar du har venta på,
og enkelte rare saker du hadde gløymt at du hadde bestilt.
La sakene flytte inn i hyller og skap, og gjerne bestemme
seg for å ommøblere halve sjappa når ein først er igang.
No ventar eg på masse nytt frå Rice, ein herleg fargeeksplosjon. På bileta her 
ser de litt av det som hendene mine snart skal plukke opp av store øskjer.
Som regel er iveren så stor medan det står på, at eg ikkje merkar dei såre
fingrane og den stive ryggen før etterpå. Nett slik det skal vere!
Først vil eg jo eigentleg ta med ein av kvar ting heim til huset vårt,
men både mannen og plassen står i vegen for det. Heldigvis, får eg vel seie.
Likevel ber sjølvsagt heimen preg av fargegalskapen som rår på Pur Glede.
Uansett ser eg at det er ein ting eller to eller tre frå den nye
Ricekolleksjonen som skal få flytte inn saman med oss.
Ser du noko du har lyst på? Det er ikkje absolutt alt på
bileta som kjem i denne sendinga, men det aller meste.
Hurra for Rice som gir oss slike fargar!

tirsdag 8. november 2011

Om draumar

























Eg elskar draumar.
Ikkje fyrst og fremst dei draumane som kjem til oss om natta,
men desse som bur i oss, som sit i hovudet og hjartet.
Desse som inneheld ein lengt etter noko eller nokon.

Sjølv har eg mange draumar.
Nokre kvardagslege, nokre meir svevande.
Nokre draumar har eg fanga i handa mi og gjort sanne.
Andre kjem truleg aldri til å bli realisert,
men eg likar å ha dei flaksande rundt inni meg likevel.
Dei kilar så godt, gir meg energi og fargar.

Eg likar også å høyre om andre sine draumar.
Nyleg sat eg i nærleiken av to eldre menn under ei reise.
Dei snakka om draumar, sjølv om dei ikkje brukte det ordet.
Den eine mannen ynskte seg ein båt
som han kunne bu i deler av sommaren.
"Tenk å stå opp og pisse rett i saltvatn kvar morgon"
sa han og smilte.

Eg måtte sjølv smile
av måten han presenterte sin draum.
Og eg takka han inni meg
fordi han fekk meg til å hente fram
nokre av mine eigne draumar.
Resten av reisa gjekk fort.
Eg fekk slipt litt på både eit par kvardagslege
og eit par svevande draumar. Og eg kom eit steg vidare.

Held eg fast i draumane mine,
kan eg også oppleve at draumane mine
held meg fast i tider der det trengs.

Eg elskar draumar. Mine og dine.