Altså, når det først er så kaldt midt i mai, at ein treng dunjakke på kveldsturen sin, tenkjer eg at det jammen er bra at nokon fann opp nettopp det ein gong i tida; dunjakke. Kva skulle eg gjort ein dunjakkekald maikveld dersom dunjakker faktisk ikkje fanst? Sei det...
Så tusen takk, dunjakkeoppfinnaren! Og tusen takk også til den
som fann ut at det var ein god idè å ha fleecefôr inni lommane.
De er skikkeleg bra folk, altså!
Og når eg først er igong: Tusen takk til sjokoladetrøffeloppfinnaren. Slikt er veldig godt
å finne fram når ein har vore ute på tur ein dunjakkekald maikveld!
Så bra at de fant opp det de fant opp!
Eg tek meg jammen ein varm kaffi med kanel og feirar heile greia, eg.
God helg, alle saman! Hald dykk varme og glade :)