Det funkar aldri. Eg trur faktisk at eg kun ein gong i livet har opplevd å lage graut som ikkje svir seg i botnen. Den ligg liksom berre der og lunkar og ertar i to hundre tusen år, og når eg har funne ut at den får lunke litt utan at eg skal stirre den ihel, og heller snur meg bort for å gjere noko anna - SÅ finn den det for godt å koke, og bykse utover kanten eller klumpe seg saman i brun, svidd masse nederst i gryta.
Også denne gongen. Men på andre forsøket vart det bra, sånn nokonlunde. Kun lett sviing i botnen, men ikkje verre enn at eg kunne ha alt saman opp i ei tredje gryte og få måltidet greit i hamn. Stolt mamma, glade born - og etterkvart mette magar. Så enkelt, men akk, så vrient.
Men altså; om eg er dårleg på å koke graut, så kan eg iallefall komme med eit råd til korleis ein skal ete den. Sukker, kanel, rosiner, smørauge og slikt får kvar enkelt velgje etter smak, men eg garanterer at grauten smakar aller, aller best i fargerike skåler. Heilt sant!
Og psssst: gi meg gjerne gode råd for å bli ein betre grautkokar ;)