mandag 28. oktober 2013

Rosa regnversdag!

Rosa kan gjere det meste gladare og gøyare, men enkelte dagar tykkjer eg at den fargen har 
særleg god effekt. Som i dag, på ein typisk regnvêrsmåndag på tampen av oktober. 
Sjølv om eg eigentleg ikkje er særleg vêrsjuk av meg, så kjende eg at denne 
dagen trengte litt ekstra krutt for å få fram potensialet sitt.


Og sidan ROSA er ein av mine absolutte yndlingsfargar, pluss at eg er skikkeleg kjolejente og 
diggar prikkar, tenkte eg at det var ein bra stad å byrje; med ein knallrosa prikkekjole. 
Eg merka effekten umiddelbart!


Den grøne ugleveska mi har opptil fleire rosa detaljar, difor fekk den også vere med ut i regnet.


Og når eg først var på rosakjøret, oppdaga eg endå fleire fine, rosa ting rundt meg 
då eg gjekk ut for å møte regnvêrsmåndagen: Rosa roser i hagen min, 
som haustvinden enno ikkje har klart å rappe...


...og minimonsteret sin rosa sykkel lasta med plaskvåte lauv.


Og HURRA fordi eg er så treig at eg enno ikkje har rydda det rosa hagebordet mitt 
ned i kjellaren; sjå så vakkert regnet og vinden har pynta det i dag!

Hmmm....det eg eigentleg vil seie med dette innlegget, er ikkje først og 
fremst at eg elskar rosa - men at enkle, små ting kan ha stor effekt. 
Som at ein glad prikkekjole kan utligne drittvêr. Og slikt.

-åse-

søndag 7. april 2013

Kvit lukke på ein sundag


Eg er meir enn middels oppteken av fargar, men av og til er kvitt det aller vakraste. Som når dei 
ellers ulydige borna mine tek hunden med på luftetur hagen på eige initiativ og kjem entusiastiske 
innatt med ein neve snøklokker. Sju små, kvite blomar. Som minner meg om sju gleder:

- At eg har noko å elske
- At nokon også elskar meg
- At dagen i dag er ein solskinssundag
- At små menneske framleis ser gleda i å glede
- At eg har ein hage der tusen snøklokker veks
- At eg skal besøke bestevenninna mi snart
- At våren alltid kjem

Eg kunne funne på 7x7 gleder til, det er eg sikker på. Men eg treng ikkje skrive ned alle. 
Det viktigaste er å sjå dei og vite at dei fins. Og nyte dei.

God sundag til alle :)

søndag 24. februar 2013

Vårens fyrste piknik!

Dei første vårdagane er rett og slett magi. 
Og dei blir berre meir og meir magiske for kvart år.


I dag var ein av dei fyrste, ekte vårdagane her hos oss. Vi måtte berre ut på tur! 
Eg, dei to minste monstera og hunden Walter. Og sola.


Som lita jente kan eg hugse at mamma sa at ho gledde seg meir og meir til våren for 
kvart år som gjekk, at den vart berre vakrare og vakrare. Eg hugsar også at eg 
syns dette var veldig rart. Vel, det syns eg ikkje lenger. No er eg vaksen og 
klok sjølv, og skjønar at våren er noko av det beste i heile vide verda.


Teodor fekk bestemme menyen i dag: kyllingsalat med makaroni, brokkoli, avokado 
og tomat. Enkelt å lage, enkelt å ta med, enkelt å ete. Perfekt piknikmat!


I tillegg skeia eg ut og kjøpte juicemaskin for nokre dagar sidan, og vi er heilt øsne heile 
gjengen over vidunderet. Så sjølvsagt måtte vi ha med ferskpressa juice. Frisk og søt 
og orange i fargerike koppar, slike små ting som gjer ein fin tur endå finare.


I dag gjekk vi opp Kjærlighetsstien like bortanfor huset vårt, gjennom trimløypa, ned 
til stadion og vidare heilt ned til Moldøen, den vesle øya under brua. Der dekka 
vi på eit av borda nesten i fjæresteinane, og kosa oss heilt til vi merka at 
hender og ansikt var blitt kalde og stive trass i at sola var stor og fin.


Så pakka vi saman og byrja på heimvegen som vart oppstykka av cirka hundre millionar 
kvile- og kosepausar. Akkurat slik det skal vere på ein god søndagstur.


Eg håpar på mange, mange, mange fleire slike vårdagar som denne!


onsdag 13. februar 2013

Her bur eg!


I eit gammalt tømmerhus frå 1881.Saman med dei tre småmonstera. Og hunden Walter. 
Som mange allereie veit. Men eg har ikkje vist fram så mykje av huset, og eg har 
fått nokre pirk på skuldra og spørsmål om å gjere akkurat det.


Eg har det ikkje strøkent heile tida. Eller kanskje aldri. Og syns at det må vere heilt greit. 
Eg har fleire ting å gjere enn å rydde og vaske. I tillegg bur det altså tre småmonster 
i huset også, og dei kranglar nok som det er, om ikkje eg skal prøve å 
krangle meg til eit konstant ryddig hus i tillegg. 


Og så meiner eg bestemt at det skal vere rom for born sine leikar og rotete prosjekt. 
Og mor sine. Dessutan seier søte Kine som bur rett oppi gata her og som er 
så ordentleg og flink, at "du Åse har berre sånt koseleg rot, du". 
Så då må det vere greit. Nemleg.

Eg tenkjer slik når eg innreier, at huset skal ikkje vere ei utstilling, men ein plass å leve og 
leike. Det er ein av grunnane til at heimen stort sett er fylt med gamle møblar og ting frå
loppemarknad og bruktbutikkar - eller redda frå vener som ville dumpe dei.

 

Ting ein slepp vere livredd for, og som kanskje berre blir vakrare og meir levande etter 
litt herjing og slitasje. Supplert med glade fargar frå Pur Glede, sjølvsagt.


Og så syns eg det skal vere litt tøysete. Og spontant. Og ikkje nødvendigvis etter boka. 
Eg likar å setje saman ting fordi magen min fortel meg at JA, det var gøy, 
og JA, dei fargane fortalte ei fin historie saman. 


Du skal heller ikkje sjå bort frå at enkelte ting står plassert som dei gjer, for å skjule nokre 
av huset sine skavankar. Med innstillinga om at ikkje alt treng å vere perfekt, 
så kjøper ein seg også litt ekstra tid til å slække på sofaen.

God onsdag frå Åse!

mandag 11. februar 2013

Når du har vore borte i hundre år...


...eller iallefall ei veke - og skal hente jenta di i barnehagen etter det som altså er ei veke, 
men kjennest som hundre år - så kriblar det bra i magen. Og i hjartet.


Og det klør i handa etter å halde ein liten, skitten, kald neve.


Og tanken på å seie "Kom no, vi har det travelt og skal heim og lage middag og 
køyre gutane på trening og, og, og.." er ikkje å finne i hovudet denne dagen. 

Istaden er det lov å stå altfor lenge og grave etter skattar inne i muren 
som sjølvsagt ikkje fins der inne, men kun i draumane våre...


...eller hoppe i snøen og plukke istappar.


...og late som om istappen er verdas beste iskrem, og ete den i finfin pompel og pilt-stil 
med jakka dradd over nevane for at ikkje dei også skal bli istappkalde. 

Og ikkje bry seg om at gamle gledesdreparar og Helga seier at dette er 
FY og at ein får makk i rumpa av det. Den tid, den sorg, liksom...

...men vi droppar nok kanskje muligens istappeting i morgon ;)


mandag 4. februar 2013

Fine brua mi



Noko av det vakraste med Måløy, syns eg, er brua vår. Eller brua mi, som eg skriv i tittelen. Kvar 
dag ser eg på den, går over den eller under den - eller køyrer over den på veg til noko nesten i siste 
liten. Av og til høyrer eg den, også. Når vinden bles sterkt nok frå rette kanten, syng nemleg brua. 
Eg likar det. Dei som har greie på det, seier at den ulande tonen er ein einstrøken C. 


Eg kan sjå heile brua frå det vesle huset mitt. Når eg sit oppe på seine kveldar, og somme tider kan 
få kjensla av at berre eg i heile verda er vaken, minner brua meg om at det ikkje stemmer. Stadig ser 
eg lys frå bilar som køyrer over brua. På veg til og på veg frå. Og inni bilane er det jo menneske, 
og desse menneska er vakne. Så eg er ikkje åleine om å vere oppe i natta. 
Det er fint å tenkje på.


Når vinden tek tak her i byen vår, likar eg å gå over brua. Hunden Walter er også med. 
Han kan styre entusiasmen over vinden som bles bustebryna hans inn i augene, 
men han elskar å gå tur. Så han seier ingenting, og blir med. Eg får denne frie 
kjensla når eg står i vinden midt på brua, litt på same måten som når ein 
har klive til toppen av eit fjell. Vind i håret. Livet skjer no.


Men endå oftare går eg under brua. På Moldøen, som er knytt til Måløy med ei vegfylling. 
Ein smal sti går rundt heile den vesle øya, og brua over held den liksom fast, så den ikkje 
reiser avgarde med straumen. Tenkjer eg. Eg og hunden Walter er nesten alltid åleine der, 
og sjølv om det undrar oss litt sidan øya er så vakker, så er vi også litt glade for det. 
Særleg Walter, som får springe tulling rundt i tuene der. Og det er alltid ledig på 
den raude benken på høgda midt på øya, ved minnesmerket frå krigen. 
Eg likar å sitje der og tenkje litt før vi går heim.


Eg begynte med å seie at eg syns brua er noko av den vakraste i Måløy. Eg har ein stadig 
veksande fascinasjon for dette byggverket, og eg har studert det frå dei fleste kantar. 
Eg kan knapt gå over eller under brua utan å ta eit bilete eller to. Nokon har sagt at 
Måløybrua er eit kunstverk i stål og  betong. Eg seier det same. 


Og til slutt; Denne symbolikken som ligg i ei bru, om å knyte saman, overkomme. 
Den er fin.

-åse-

fredag 18. januar 2013

Definisjonen av kult?

Eg elskar rare saker. Og menneske. Men det er rare saker det skal handle om no. 


Nyleg var eg på ein loppemarknad, sjølv om eg eigentleg har gitt meg sjølv forbod mot slikt. Loppemarknadar er jo fulle av rare ting som ber pent om å få bli med meg heim. Og huset mitt er allereie fullt av rare ting. Derfor.

Likevel lot eg meg altså freiste til å stikke innom. Og fant noko eg berre måtte ha med heim; ein bjellehjort! Eit kupp til 10 kr. Kanskje hang dette i bislaget hos nokon og sa ifrå når det kom gjestar? Sjølv har eg ikkje bislag, og på ytterdøra ville den ikkje fått henge lenge før stormen reiste avgarde med den. Så eg måtte finne anna bruk for bjellehjorten. Og det måtte vere noko som både vi og hjorten ville trivast med. 

Så VIPS, no heng hjorten på veggen i spisestova og seier ifrå til småmonstera når det er mat på bordet. Han har ikkje lært seg å riste på bjella si på eiga hand enno, så eg må framleis setje den igang. Men kven veit kva som skjer om ein berre har trua og steller godt med han? 


Stolt viste eg fram hjorten til småmonstera, forklarte at dette no var vår nye middagsalarm og avslutta med "Kuuult, hæ?" Dei to yngste nikka samtykkjande medan dei hoppa opp og ned av glede. Eldstemann på 12 stod heilt i ro med armane i kors og såg halvvegs oppgitt, halvvegs medlidande på meg. "Kult? Mamma, veit du eigentleg kva kult betyr?"

Fin fredag frå Åse ;)

søndag 13. januar 2013

Dagens outfit - grå utanpå


Altså. Eg samanliknar sjeldan mi eiga blogging med andre si. Eg berre skriv, eg. Om likt og ulikt (helst ulikt, kanskje?) som ramlar ned i hovudet mitt. Men eg registrerer jo at enkelte har føre seg noko som dei kallar dagens outfit. Fine damer med fine klede og fine skjerf og fine vesker og fine smil. Eg likar også å kle meg fint, og eg har sikkert hundre kjolar i skapet - men det var først i dag at tanken om eit dagens outfit-innlegg slo meg. 

Eg hadde henta inn ved og tusla rundt her i forsøk på å få fyr i kakkelomnen i dette kalde tømmerhuset frå 1881. Trakka over born og hundar som låg på golvet og pusla, i jakta på fyrstikkene og boksen med tennbrikettar. Dei vart tilslutt lokalisert på dei merkjelegaste stader, og ganske raskt brant det i omnen.

Eg retta meg opp i ryggen, smilte fornøgd og såg nedover meg sjølv. Og så tenkte eg: dette må dokumenterast. For eg får nemleg ofte hyggjelege kommentarar på at eg kler meg i fargerike kjolar og skjørt. Og mange kundar i butikken seier at dei trur eg har det veldig fargerikt heime. Og det har eg. Eg elskar fargar og hentar energi, inspirasjon og glede frå fargane rundt meg. Derfor tenkte eg at det kunne vere litt gøy å vise meg fram akkurat i dag.

Så versågod, dagens outfit frå Pur Glede-dama: lang ullunderbrok, ulltrøye, tjukkelabbar og grovstrikka ulljakke. Ganske så grå frå topp til tå. Men vit at det kun er utanpå ;)

-åse-

tirsdag 8. januar 2013

Ord om smil.


Smile though your heart is aching
Smile even though it's breaking
When there are clouds in the sky, you'll get by
If you smile through your fear and sorrow
Smile and maybe tomorrow
You'll see the sun come shining through 
for you

Light up your face with gladness
Hide every trace of sadness
Although a tear may be ever so near
That's the time you must keep on trying
Smile, what's the use of crying?
You'll find that life is still worthwhile
If you just smile


Dette er ein av dei vakraste tekstane eg veit om, og den høyrer til inni meg. Den er ein del av meg, og eg er ein del av den, liksom. For meg er smil noko av det finaste som fins. Smil ein får frå andre iløpet av dagen, og kjensla av at ditt eige ansikt brått smiler.

Eit smil kan skape så mykje, og det kan løyse så mykje. Det kan gi energi og glede, og det kan ta bort usikkerheit. Det kan gjere deg trygg, og det kan få deg til å føle deg akseptert. Det kan få misforståingar til å forsvinne på eit blunk, det kan bøte på sorg og smerte - og det kan bane veg for gode, nære relasjonar. 

Og om vi spinn litt vidare frå teksten over: Eit smil treng ikkje vere mindre ekte sjølv om ein innimellom må jobbe litt med å få det på plass. Akkurat det har eg faktisk tenkt mykje på, særleg i 2012 - eit år som for meg personleg har vore eit veldig utfordrande år. Og eg tenkjer at det kanskje tilogmed er meir ekte når ein hentar fram smilet utanpå alt det triste. Då må ein grave litt djupare for å finne det. Inn til kjerna. Og det ligg eit ønskje og ein vilje bak. Vilje til glede.

Måtte 2013 komme med mengder av smil til dykk alle. Enklaste måten å sikre det på, er å smile sjølv. Dei aller fleste smil utløyser nemleg smil tilbake.

Godt nyttår frå Åse!