lørdag 12. mai 2012

Så bra!

Altså, når det først er så kaldt midt i mai, at ein treng dunjakke på kveldsturen sin, tenkjer eg at det jammen er bra at nokon fann opp nettopp det ein gong i tida; dunjakke. Kva skulle eg gjort ein dunjakkekald maikveld dersom dunjakker faktisk ikkje fanst? Sei det...


Så tusen takk, dunjakkeoppfinnaren! Og tusen takk også til den 
som fann ut at det var ein god idè å ha fleecefôr inni lommane.
De er skikkeleg bra folk, altså!

Og når eg først er igong: Tusen takk til sjokoladetrøffeloppfinnaren. Slikt er veldig godt 
å finne fram når ein har vore ute på tur ein dunjakkekald maikveld!


Så bra at de fant opp det de fant opp!
Eg tek meg jammen ein varm kaffi med kanel og feirar heile greia, eg.


God helg, alle saman! Hald dykk varme og glade :)

mandag 7. mai 2012

Tilfeldig match!

Eg elskar fargar. Masse fargar. Glade fargar. Ulike fargar.
Men det er også fint med like fargar innimellom. Då eg tok mitt første glas med vatn i dag, 
måtte eg berre kjenne litt på den vesle gleda over at det glaset som stod lagelegast til på hylla, 
tilfeldigvis hadde same fargen som tunikaen min ;)


Og så skulle eg ete morgongraut, sant - og jammen hadde skaftet på skeia same farge også! Og sjekk då, folkens. Heeeeeeilt tilfeldig hadde også skåla same farge som neglelakken min.


Og boksen til sukkeret eg søta grauten med hadde....hald dykk fast:
Same farge som både tunika og neglelakk!


Jepp. Det var igrunn berre det eg hadde å melde i dag ;)
Ha ein fargefin dag, alle samen - anten fargane er like eller ulike!

-åse-

fredag 4. mai 2012

Ekstra smil i morgonkaoset!

Alt blir meir moro med fine fargar og former. Som å skjære agurk, noko eg gjer dei fleste dagar. Ikkje det at eg kjedar meg så voldsomt når eg gjer det, altså - men eg må innrømme at det var mykje meir moro å skjere fine agurkskiver på ei rosa svane!


Sjå på det nye skjærebrettet mitt frå RICE! Er det ikkje fint? Eg elskar det iallefall, og det bidreg til eit ekstra smil i morgonkaoset. Når ungar masar, radioen fortel nyhende eg ikkje vil høyre og eg innser at eg skulle ha stått opp første gong vekkarklokka ringde, så kan eg feste blikket mitt på den nye skjærefjøla mi og tenkje at eg har iallefall ei fin, rosa svane på kjøkenbenken min!


Ha ein god dag, alle saman! Og dersom du vart nysgjerrig på den fine svana, så finn du den HER, i tre fine fargar. Den gule grønsakskniven finn du HER.

-åse-

tirsdag 1. mai 2012

Lukka er...

...små, mjuke, ivrige hender som vil hjelpe mamma med baksten. Som vil tømme oppi mjøl, som vil røre heilt til det blir litt for tungt...


...som vil knipe og klemme og grise med deig. Til nød la mamma ta seg av kjevlinga og slå til med "prikkedøden" på deiga når den er komen i form...


...insistere på å helle olivenolje over, og feilrekne såpass at mamma må trå til og helle noko over i den hi forma, så finne bakepenselen og male den gule, søte oljen utover. Ta små klyper av salt og tørka rosmarin mellom fingertuppane og drysse over....


...få tusen advarslar om at ovnsdøra er varm slik at små nasetippar ikkje må pressast mot vindauget, sjølv om det er aldri så spennande å sjå på verket som veks der inne. Spørje annankvart minutt om brødet er ferdig snart....


...og endeleg kan dei takast ut og leggjast på rist, gi dei litt kvile før dei skal delast opp og puttast i den raude brødkorga og takast med ut i sola så dei får kjenne litt på den før dei SCHVUPP er borte vekk i små og store magar. Slikt er mat for små, blide rampeprinsesser med stive kamerasmil!


Kvardagslukke, altså!


lørdag 31. mars 2012

Stengt pga hjartesorg...?

Pur Glede er skapt med glede, for å glede. Og det har alltid vore ei glede å ynskje velkomen til både butikken og nettbutikken min. Men dei siste vekene har det vore vanskeleg. Eg har hjartesorg, og når eg i tillegg er ein person som ber hjartet utanpå, er det ikkje lett å fungere som normalt.

Hjartesorg for det som var, men ikkje varte. Hjartesorg for det som skulle bli, men ikkje blei.

Eg klarer ikkje å få ut pakkane til nettkundane like raskt som eg skulle ynskje, men eg pakkar dei framleis med glede og kjærleik. Vit det, iallefall. Og enkelte kundar i Måløy har kanskje sett meg komme fram frå bakrommet med "rusk i auget". Kanskje har nokon prøvd å maile eller ringe, utan å få svar like raskt som de pleier, også?

Enkelte dagar har eg tenkt at i dag klarer eg ikkje å gå på jobb. Men kva skal ein skrive på døra då? "Stengt pga hjartesorg", liksom? Eg er nemleg så dårleg på å lyge... Eg har aldri sett eit skilt på ei dør med den teksten. Men kvifor ikkje? Kvifor er ikkje hjartesorg gyldig grunn til å vere nede for teljing? Det er verre enn spysjuka. Og varer som regel lenger, også.

Så no veit de grunnen, dersom eg ikkje er like tilstades. Eg er lei for det, og eg lovar at det betrar seg snart. Hjartesorga blir ikkje borte med eit knips, eg må berre finne ein måte å skubbe den litt unna, slik at den ikkje fyller heile dagen min. Eg finn ut av det. Eg fiksar det. Snart.

-åse-

onsdag 21. mars 2012

Bort med morgongrumset!

I dag vakna eg litt bardust, av ein merkjeleg draum som heldigvis ikkje var sann, innsåg at vekkarklokka (eller den ivrige snoozefingeren min) hadde svikta meg såpass at vi nesten forsov oss -
og måtte i tillegg konstatere at halsen var full av grugg og kroppen stiv og ikkje heilt klar for dagen.

Det er slike dagar ein verkeleg treng noko varmt og godt i kroppen. Servert i ein glad kopp.


Oppi koppen er det Pukka sin herlege ingefærte, trekt i varm mjølk med litt honning i og bittelitt kanel på toppen. Det rydda liksom opp både i kroppen og dagen :)

Ynskjer dykk alle ein fin dag - med mange smil og god, varm drikke i koppen!

lørdag 25. februar 2012

Lukka er...vind i håret!

For at livet skal ha dynamikk, så treng vi nokre dosar med vind i håret.
Ikkje minst biletleg, men bokstaveleg også innimellom. Iallefall når ein er oppvaksen i fjæresteinane på vestlandet.

Siste dagane har vi hatt litt vind her. Og regn. Det siste klarer eg meg utan. Men vinden, den må eg ha med jamne mellomrom. Både medvind og motvind, vekslinga mellom å måtte kjempe seg fram og å flyte med. Ute på tur som i livet elles.

Og så stoppe opp, ta av seg lua - og la håret og tankane få flyge fritt.


Å gå over Måløybrua på denne tida av året, gir gjerne alt dette.
Vind i håret, motvind og medvind.
Og utsikt.


God helg til dykk alle. Måtte den gi mest medvind!

-åse-