mandag 31. oktober 2011

Ny i bloggverda

Ja, det er eg. Og eg syns det er stas. Og så er det litt skummelt.
Og så har eg så mykje på hjartet at eg ikkje heilt veit kor eg skal starte.
Så eg startar rett og slett i hjartet.
 
Og legg på ven. Så får vi hjarteven. Eg har så mange slike.
Så mange gode vener som bur i hjartet mitt, anten eg ser dei ofte eller sjeldan.
Nokre hjartevener har eg ikkje eingong møtt ansikt til ansikt. Fleire har også vore direkte
involverte i Pur Glede. Med støtte, hjelp og venlege spark i baken. Så det passar perfekt
at mitt fyrste blogginnlegg handlar om desse. Tusen takk, alle mine hjartevener!

 I tillegg er eg glad i overraskingar. Både å gi og å få. Og eg er glad i konkurransar.
Kva passar vel då betre enn å ha ein hjartevenkonkurranse som innheld ei overrasking?
Har du ein spesiell ven du kunne tenke deg å glede, send ein epost til post@purglede.no.
Skriv nokre ord om kvifor denne venen fortener ei gåve, hugs å ta med adresse til venen,
 eller til deg om du vil gi gåva personleg - og merk eposten med ”Hjarteven” i emnefeltet.

Sundag 6.november trekkjer eg ut ein av dykk, og sender eit fint Hjertevennkrus
frå Falby og ein pakke Divine sjokoladehjarte til din ven.