mandag 31. oktober 2011

Ny i bloggverda

Ja, det er eg. Og eg syns det er stas. Og så er det litt skummelt.
Og så har eg så mykje på hjartet at eg ikkje heilt veit kor eg skal starte.
Så eg startar rett og slett i hjartet.
 
Og legg på ven. Så får vi hjarteven. Eg har så mange slike.
Så mange gode vener som bur i hjartet mitt, anten eg ser dei ofte eller sjeldan.
Nokre hjartevener har eg ikkje eingong møtt ansikt til ansikt. Fleire har også vore direkte
involverte i Pur Glede. Med støtte, hjelp og venlege spark i baken. Så det passar perfekt
at mitt fyrste blogginnlegg handlar om desse. Tusen takk, alle mine hjartevener!

 I tillegg er eg glad i overraskingar. Både å gi og å få. Og eg er glad i konkurransar.
Kva passar vel då betre enn å ha ein hjartevenkonkurranse som innheld ei overrasking?
Har du ein spesiell ven du kunne tenke deg å glede, send ein epost til post@purglede.no.
Skriv nokre ord om kvifor denne venen fortener ei gåve, hugs å ta med adresse til venen,
 eller til deg om du vil gi gåva personleg - og merk eposten med ”Hjarteven” i emnefeltet.

Sundag 6.november trekkjer eg ut ein av dykk, og sender eit fint Hjertevennkrus
frå Falby og ein pakke Divine sjokoladehjarte til din ven.

10 kommentarer:

  1. Så fin konkurranse! (Og grattis med blogg, her må jeg følge med!)

    SvarSlett
  2. Oj, så moro! Min første kommentar :) No spørs det om eg klarer å svare her, då. Uansett - hjarteleg velkomen hit, to vrange!

    SvarSlett
  3. Grattis med blogg! Den var like fargerik og fin som deg og butikken din :D Her skal eg ofte inn og kike veit du.
    Klem frå AG :)

    SvarSlett
  4. Gratulerer med blogg!! :)
    Jeg syns layouten og fargene både her og nettbutikken er kjempefine! Passer så godt til navnet :) Venter spent på varene jeg har bestilt. Det gledes!

    SvarSlett
  5. Hei Åse!! Gratulerer så meget med den flotte bloggen din! Den er som forventet, hjartevarm og fargerik! Ha en fin dag <3

    Victoria

    SvarSlett
  6. Grattis med ny fin blogg!

    SvarSlett
  7. Åååh, en herlig blogg også, og jeg elsker jo konkurranser! Her kommer jeg til å følge med

    SvarSlett
  8. Hurra, hurra og klem! SKal du ha gjestebloggar?

    SvarSlett
  9. Gratulerer med en kjempe koslig blogg :)
    er selvfølgelig med på den kjempe koslige konkurransen.

    SvarSlett
  10. Gratulerer! Gleder meg til å følge bloggen din! <3

    SvarSlett