mandag 23. januar 2012

Ja, eg er barnsleg kry!

Eg kan ikkje hjelpe for det, men eg syns det er umåteleg stas å finne tips om butikken min i Bolig Pluss. Javel, så er det 99 andre nettbutikkar som står nemnt i reportasjen, men på den eine sida med eit herleg bilete av RICEprodukt, står det kun henvist til www.purglede.no:

Oppe i høgre hjørnet står det: "De fargeglade produktene fra
danske Rice kan du blant annet kjøpe hos purglede.no."
Andre som har drive nettbutikk ei stund, er kanskje vant til slikt, og går ikkje i taket over nokre setningar i eit blad - men eg er så ny på nett at eg kjenner det kriblar i heile meg. Kanskje vel barnsleg...? Men eg syns det er greit å la alle gleder ein kan finne, få spelerom i kroppen.
På motsatt side står butikken oppført blant mange andre, flotte nettbutikkar:


Ja, det var igrunn berre det eg ville seie i dag. No skal eg setje meg ned med ein kopp kaffi og ein bitteliten sjokoladetrøffel og lese heile bladet. Hittil har eg kun lese dei få setningane som handla om meg sjølv ;)


Ha ein fin måndags ettermiddag. 
Måtte den bli starten på ei god veke for dykk alle!

16 kommentarer:

  1. Så utrolig gøy! Gratulerer med omtale, som definnitivt må skaffe noen nye kunder. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk :) I tillegg tilat eg er kry, så håpar eg jo sjølvsagt også at det kan ha ein slik effekt, ja ;)

      Slett
  2. Hei Åse! Utrulig kjekt å lese ditta innlegget! Selvfølgelig har du ALL grunn til å være kry ;-) Både no og alle dei kommande gongane du får slik omtale eller reklame ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, du kjekke :) No er det jo ikkje sikkert at det vil skje fleire gongar, men om så skulle vere - så trur eg at eg vil bli like kry også neste gong!!

      Slett
  3. Trur eg må kjøpe bladet sånn at eg og kan vere kry på dine vegne når eg les om butikken din.

    Kjekt med gleder i kvardagen, store som små!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, gjer det!!
      Det var eit fint blad forresten....dvs, eg var ikkje heilt konsentrert då eg leste deg...eg bladde stadig tilbake til "mine" sider, så det vart litt lite flyt i lesinga, hehe ;)

      Slett
  4. Weee!!! :) Så gøy ! Det er fortjent!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Hilde. Eg trudde liksom iiiiingen visste om butikken min, bortsett frå dei som har handla om meg, så det var skikkeleg stas å bli nemnt i artikkel saman med fine butikkar eg sjølv har handla på fleire gongar :)

      Slett
  5. Alltid kjekt å bli sett! Gratulerer med omtale!

    SvarSlett
  6. Gratulerer :) Så fint med omtale i flott blad, håper du får mange flere :)

    SvarSlett
  7. IKKE barnslig, det er jo SÅ TØFT! Håper det gir ønsket effekt ;)

    Klem!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jaaa, det er det det er. TØFT :) Eg har tøffa meg og gått rundt med bladet i veska konstant og trykt det opp i fjeset til alle og einkvar ;)

      Slett
  8. Klart du skal være kry! Kry på dine vegne jeg nå <3

    SvarSlett
  9. God morgen:)Gratulerer med plass i bladet,det er jo kjempeflott!!Noe kun få får opplevd så jeg skjønner at det kribler!!
    Nyt det til fulle!:O))
    Det fortjener du helt sikkert:)
    Stor klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Heia :) Tusen takk for så gode ord <3
      Klemmar frå Åse!

      Slett
  10. Godt jobba, Åse! Synst du er flink, eg :-) Gler meg til det vårast og ein tur til kysten står på programmet; då står eg plutseleg i butikkdøra og siklar etter alle fargane!

    SvarSlett