lørdag 21. januar 2012

Møt min nye ven!

For eit par veker sidan forelska eg meg. I eit bustefjes med bartar og bryn på eit bilete på finn.no.
Og no bur bustefjeset her hos meg. Møt min nye ven Walter Storm Stevens. Det beste spontankjøpet mitt nokon sinne! Eg skal seie litt om namnet etterpå. Fyrst må de få helse på han:


Kort tid etter at eg såg denne pjuskesnuten på biletet i annonsa, sette eg meg i bilen og køyrde åtte timar. "Berre for å sjå på han", som eg sa til gubben. Men eg visste vel eigentleg kva som ville skje allereie før eg og åtteåringen Teodor pakka reiseveska...


Etter ei lang ferd over fjell og gjennom skogar, utan å vite heilt kor vi skulle - kom vi fram til den store garden i vinterlandet. Og vart tekne imot så hjarteleg at det sit i kroppen enno. Ein smilande mann i lusekofte og ei herleg hulder med varme klemmar til framandfolket vestfrå. Og seks lukkelege, logrande hundar.

Heimebakst, mjølk frå eigen gard, knitring frå peisen, latter og prat før vi vart fulgt over til bestemorhuset for overnatting. Tenk å få sove her, med vedfyring på soverommet, i ei stor seng med saueskinn, bak eit forheng av kvite blonder:


Neste dag tok vi oss god tid, med leik i snøen, meir heimebakst og latter og prat - før vi vende nasa heimover. Med eit nytt medlem av familien og masse gode minner frå nye vener i vinterland.




Den heimreisa, ja. Den vart litt lenger enn planlagt, for på Strynefjellet herja vinden og snøvêret såpass at overgangen var stengt. Men kva gjer det vel å sitje vêrfast når ein har slikt selskap?


Og så kan eg jo like godt ta historia bak namnet, med det same. Walter fordi det er kult og fordi bestemor sin hund heitte det og fordi karane i heimen insisterte på at det var det beste av dei hundreogfemten forslaga eg hadde på blokka. Storm fordi det nemnde uvêret kom over oss på vegen og fordi vår nye ven no har fått ein heim på den stormande vestkysten. Og Stevens? Fordi eg elskar Cat Stevens, sjølvsagt. Det blir jo berre Walter til vanleg, men eg tykte at ein såpass fin fyr også måtte få mellomnamn og etternamn ;)

Min nye ven med sin nye heim i bakgrunnen.

Voff og god helg frå Åse og Walter Storm Stevens!

15 kommentarer:

  1. Festlig skreve, Åse... Og fiiin voffs ;) trude :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Trude :) Du får bli med oss på tur ein dag!

      Slett
  2. Kjempefin hund, gratulerer :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg syns han er den finaste av dei fine. Snill er han, også. Syns det er SÅ moro med hund igjen :)

      Slett
  3. For en hærlig skapning! Med et kjempefint navn! :) Dere får det nok fint sammen . Skjønnis!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg er fornøgd med namnet - etter ei veke med grubling ;) Hadde ei laaaaaang liste med aktuelle namn. Viktig sak, det det - kan jo ikkje berre plukke noko tilfeldig :)

      Slett
  4. Så fin historie og en knallflott Walter.:)Gratulerer med hund!:)Dere får nok mange fine stunder ilag.Og det varmer mitt hjerte å høre at noen kan gi et godt hjem til en hund som trenger et nytt hjem<3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk :) Vi har allereie hatt mange fine stunder saman, og vi ser fram til maaaaange fleire. Alle heimar skulle vore utstyrt med ein hund ;) Det er godt for hjartet <3

      Slett
  5. Hei,

    Så fin blogg:) kjekt å treffa andre nynorskbloggarar.
    Eg tar 3 lodd, lykke til.

    Helsing Marianne:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk :)
      Eg vart som barn "pressa" av min målmannpappa til å gå rundt med raude jakkemerker der det stod "Snakk dialekt, skriv nynorsk" - så for meg kunne det ikkje bli noko anna ;)

      Slett
  6. For ei fantastisk historie! Eg både lo og grein:-) super kult namn på vofsen da..

    Malin

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for så koseleg melding, Malin :)
      Ja, vi er bra fornøgd med namnet no, etter litt "krangling" fram og tilbake ;)

      Slett
  7. Herlig hund og herlig navn!! :o)
    Wenke

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Wenke! Han er så herleg, atte :) No er det ut på tur i vinden her.

      Slett
  8. Han var nyyyydelig!!! :)
    Hilsen Jeanette :))

    SvarSlett