lørdag 25. februar 2012

Lukka er...vind i håret!

For at livet skal ha dynamikk, så treng vi nokre dosar med vind i håret.
Ikkje minst biletleg, men bokstaveleg også innimellom. Iallefall når ein er oppvaksen i fjæresteinane på vestlandet.

Siste dagane har vi hatt litt vind her. Og regn. Det siste klarer eg meg utan. Men vinden, den må eg ha med jamne mellomrom. Både medvind og motvind, vekslinga mellom å måtte kjempe seg fram og å flyte med. Ute på tur som i livet elles.

Og så stoppe opp, ta av seg lua - og la håret og tankane få flyge fritt.


Å gå over Måløybrua på denne tida av året, gir gjerne alt dette.
Vind i håret, motvind og medvind.
Og utsikt.


God helg til dykk alle. Måtte den gi mest medvind!

-åse-

5 kommentarer:

  1. God helg til deg også finaste Åse!

    SvarSlett
  2. Så koselig innlegg:)God helg til deg!
    klem

    SvarSlett
  3. Skulle så veldig gjerne ha gått over den brua med deg. Men medvind. Begge veier. Også i livet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er ofte med meg på tur sjølv om du ikkje er her <3

      Slett
  4. Hei Åse! Første gang eg er innom bloggen din :-)Veldig fin!! Du er så kjempeflink!!
    Har ikkje vore på blogg på måndesvis - det var den tida som aldri strekk til, og då vert blogging absolutt nedprioritert her i garden. Eg har ein himmelsk stad som eg har brukt å lufte vetet - på FLØ. Ope landskap til å la tankar og blikk flyge i alle himmelretningar. Dessverre har eg flytta vekk derifrå. Ikkje at eg angrar det :-) Eg bur no på Vanylven sin vakraste stad, og får absolutt nok vind her til å kunne la vetet flyge avgarde. Men eg har liksom ikkje heilt fått det til her. Det er vel alle dei gjeremåle ein presterer å lage seg som stoppar det litt opp. Ikkje veit eg.

    Hakalleklem

    SvarSlett