fredag 27. juli 2012

Kan eg låne saksa, mamma?


Her i huset er vi glade i å klippe og lime. Alltid gøy å lage rare ting og rote rundt med fine fargar.
I går hadde vesle Alma ein mekkekveld, gåver skulle pakkast inn til meg og dukkene. 
Fint, tenkte eg. Då kan eg jobbe litt. Få unna litt som ligg der og gneg.


I tillegg til papir og band og pynt, så treng ein sjølvsagt saks når ein skal pakke inn gåver. 
Eg fiska den fram, la den i den små handa - og fortsette med mitt. Deilig med litt arbeidsro,
sitje der med kaffikoppen og føle at ting flyt fint, kun avbroten av at vesla med
jevne mellomrom kjem med søte, små pakkar eg skal opne opp. 
Idyll, sant?


Vel, eg skulle gå og fylle opp kaffikoppen min då eg trakka på noko mjukt. På golvet låg
små haugar med lyse lokkar. Og ved sidan av sat ei lita jente med ny sveis.

Eg burde skjønt det. Arbeidsro i eit hus med tre born og bikkje er sjeldan gratis. Det følgjer som regel noko muffens med på kjøpet. Eg veit det jo eigentleg, men tillet meg å fortrenge faktum gong på gong.
Og det kunne vore verre. Det kunne gått fingrar med. Hår veks utatt.
Det trur eg ikkje fingrar gjer.


Ja til kreative prosjekt! Ja til rot! Ja til å la ungane leike med skarpe gjenstandar.
Men la gjerne blikket sveipe over rommet med relativt korte intervallar.

God helg!

8 kommentarer:

  1. Så fint du skriv Åse! Og det søte smilet til Alma:-)

    SvarSlett
  2. Eg er heilt på Alma sitt lag. Det er no veldig interessant konsistens på hår, og så er det moro å sjå korleis ein ser ut med litt mindre hår. Det veks ut att!!
    Rolege arbeidsstunder med kaffikoppen er dessutan vel vert litt hår. Nyt, nyt!!

    SvarSlett
  3. Veldig kjekt å lese her inne ;-) Ser du har hatt en fantastisk dag og forsett med d. Ha en riktig fin helg du.

    SvarSlett
  4. Haha, herleg! (Kanskje ikkje for deg der og då, men slikt blir jo alltid gode historiar i ettertid) ;-D

    SvarSlett
  5. Hehe :) Minner litt om meg når eg var liten. Eg klippet også håret mitt når eg skulle låne saksa til mamma :) Var som sakt ikke morsomt der og då, men nå i ettertid ler vi godt av det :)
    God helg til deg og dine :)

    SvarSlett
  6. Oh no, fort gjort! Jeg skamferte mammas dukke engang i god tro på at håret ville vokse ut igjen. Også tegnet jeg med brun tusj i rumpa på den. Huff, jeg var nok ikke helt enkel.

    SvarSlett
  7. Så fine born du har Åse..Vesla Alma har massa frå deg...

    SvarSlett
  8. Er du i finanskrisen, leter du etter penger til å starte din egen virksomhet eller betale regninger ?, Vi er alle typer lån til lav rente på 2%. Søk nå via e-post til: (TRUSTLOAN88@GMAIL.COM) eller WhatsApp Us på +1 443 281 3404

    SvarSlett