søndag 19. august 2012

Piknik høgt i det blå


For nokre dagar sidan vart eldste guten min 12 år. Tenk, eg har vore mamma i 12 år. 
Denne dagen var det vakkert vêr med sol og fin temperatur, og eg tenkte at bursdagspiknik 
høgt i det blå ville vere fint både for borna og meg. 


Av fleire grunnar valgte eg å stenge sjappa den dagen, så fekk eg også tid til å fikse god mat med 
på tur. Denne sommaren har vore så hektisk og kaotisk, og eg har følt at eg har fått for lite 
tid saman med borna mine. Då må ein av og til berre gjere nokre grep. Som å låse ei dør 
og snu ryggen til noko, for å skaffe tid og rom for det viktigaste. Og kven kan vel bli 
sure når dei kjem til stengt dør med så fine fargar på fråverelappen?


Vi køyrde ut av den vesle byen byen i retning nord, gjennom Kvalheimsbygda, over fjellet, forbi dei store, kvite vindmøllene, vi såg ei ørn som flaut høgt der oppe og minst eit barn påstod også at vi passerte både elg og bjørn på vegen - og eg nikka og sa ja sjølv om eg visste det ikkje var sant. 

Av og til skal ein berre nikke og seie ja, uansett. Iallefall om ein vil unngå heftige diskusjonar i ein sommarvarm bil. Vi stoppa på ein fin plass på vegen ned mot Kråkenes. Blått i blått og vakkert. 
"Det er dette som er havgapet", konstaterte mellomsten.


Og så.....MAT!
Fargar høyrer med når vi skal på tur. Alt blir gøyare med fine fargar!
Og maten smakar også betre den blir servert på fargerike fat. Nemleg.
  



Glade og entusiastiske born er noko av det beste som fins i heile vide verda...


...og når dei i tillegg et og drikk i mengder, utan at mamma må mase, er alt berre velstand! 


Hurra for 12-åringen, hurra for vakker utsikt mot hav som møter himmel, hurra for god mat og 
glade fargar, hurra for den fine dagen, og hurra for at eg faktisk tillot meg å gripe den og dele 
den med dei fine, små monstera mine - sjølv om noko anna eigentleg stod på timeplanen.

-åse-

5 kommentarer:

  1. Hurra for Åse som er helt FANTASTISK på alle måter:-)Elskerdegkos fra Lykke

    SvarSlett
  2. Hurra for deg og valet du tok, og di evne til å skildre det :-)

    SvarSlett
  3. Stine Arkeologine23/8/12 12:29

    For ein fin dag! "Skal vi også på tur dit?" sa minstemann her i huset da han såg dei fine bileta og den gode maten. :-)

    SvarSlett
  4. Kjempeflotte bilder!..og veldig smart matboks;) Men finner den ikkje på nettbutikken din? No blei eg nesten desperat kjenne eg;) Hilsen Synnøve B. Belden

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Synnøve :)
      Eg har vore slaurete med å oppdatere nettbutikken med nye varer siste tida, det har rett og slett ikkje blitt tid. Men eg har den i butikken, du kan berre sende meg ein epost på post@purglede.no dersom du ynskjer deg ein slik ;)
      -åse-

      Slett