lørdag 3. november 2012

Den dagen det vaks horn i panna mi!

Det var ein ganske vanleg dag, sånn i utgangspunktet. Eg fekk ungar på skule og i barnehage, eg lufta bikkja, eg var på jobb ein liten halvtime for seint, slik det gjerne er for meg når forsåvidt forutsette ting blir uforutsette fordi eg hadde gløymt dei. Igjen. Eg henta i barnehage, vi handla, vi lufta bikkja, vi mista bikkja, vi fann att bikkja, vi laga muffins og monterte auge på marengsspøkelsa - og vi pynta huset med spindelvev og edderkoppar. Vi skulle nemleg ha Skumlefest i heimen i går. 


Og horn er skummelt, sant vel? Eg visste berre ikkje kor skumle dei raude horna eg kjøpte på Nille faktisk var... Alt skulle skje litt fort rett før gjestane kom, og i farten såg eg ikkje dei små bitane med dobbeltsidig tape som følgde med horna, og som skulle gjere det enkelt å feste dei trygt og skånsomt til panna si. Men dei hadde jo litt sånn sugekoppform, så eg trudde dei skulle sitje fast av seg sjølv. Så med litt klissete, kvit sminke under og med eit skikkeleg kraftig trykk, pressa eg dei berre fast i panna mi. Og dei sat jo superbra! Jess, tenkte eg - av og til funkar billegsaker som berre juling! At eg snart skulle sjå ut som om eg hadde fått juling på ordentleg, visste eg lite om då...

Vel. Etter eit par timar byrja eg å kjenne meg litt rar og stiv i panna, og eg tenkte at no har eg igrunn vore djevelsk skummel lenge nok. Og eg lot det vel også falle ein kommentar om at det var best å få av horna før eg faktisk blei slik. Mohaha, liksom. For kva skjer? Jau, dei raude plasthorna frå Nille var relativt enkle å få av - men dei store, runde, harde horna som hadde vakse fram under dei, var det verre med... Sjå, folkens. SJÅ!


Det er muleg eg burde ha tenkt på det. Ja, eg burde nok det. Kanskje ville folk flest ha skjønt kva som kunne skje når ein med makt tvinga fast to plasthorn i panna si og lot dei sitje der og godgjere seg i timesvis. Men eg var meir opptatt av å ikkje gløyme teknikken bak den skumle hekselatteren eg hadde øvd inn  til skummel-latter-konkurransen, og å fullføre eksperimentet med kor mykje godteri det faktisk er plass til i små barnekroppar. Så dette kom altså som eit sjokk på meg. 

I dag har eg halde meg innandørs. Hittil. Men med born og hund i hus, så må ein jo berre gå ut på eit tidspunkt. Hipp hurra for den nye, fine lua mi! Den skal eg trekke godt ned i panna når eg går gjennom gata. Horna vart nemleg ikkje heilt borte iløpet av natta. Men kven veit, kanskje litt kald og frisk sjøluft gjer underverk med horna? Eller hevelsane, for å bruke eit litt mildare og mindre skummelt uttrykk...

God helg, alle saman. Og ver varsame. Sånn generelt. Og særleg når det kjem til sugekoppar.


2 kommentarer:

  1. Hahaha.... Herlig,Åse ;))

    SvarSlett
  2. Ler!!! Håper pannen blir fin snart.... God helg!!

    SvarSlett