tirsdag 13. november 2012

Trøstekjeden

Ei lita jente vaknar 05.27 og finn ut at no skal dagen starte. Det gjer den, med fine, små aktivitetar medan mørkenatta blir til morgon. Varm og bustete hund skal kosast med. Dukker skal få kjole på. Bolledeiga skal klemmast og bankast og rullast. Teikningane skal innehalde alle dei finaste fargane. Kommoden skal endevendast for å finne akkurat den riktige strømpebuksa. Trøtte storebrør blir vekt med varm bakst og stearinlys. Fin frukost. Ingen krangling (er det muleg?). Tysdagen er gøy, livet er fint, smil og latter.


Brått hugsar jenta på dei fine venene i barnehagen, og så vil ho dit med det same. Ete resten av frukosten sin der. Framleis smil og latter.  Barnehagen er gøy. Frukostniste med skinke er gøy. Vener er gøy. Sølepytten utanfor bilen er gøy. Å feste bilbeltet er gøy. Å høyre radio er gøy. 

Framme. Av med sko og jakke og opp trappa der mange born allereie har starta barnehagedagen. Fram med nista og fortelje at denne bollen har ho baka sjølv. Finne plassen ved bordet. Få mjølk i koppen. Men brått er det ikkje gøy lenger. For no vil den vesle jenta mykje heller vere heime hos mamma. Men mamma skal på jobb. Då vil jenta bli med mamma på jobb. Men det går ikkje i dag. Så kjem tårene, masse masse tårer. Tusen klemmar hjelper ikkje. Ingenting hjelper. 

Jenta vil ikkje sitje på stolen sin og ete. Ho vil berre sitje på fanget og gråte. Mamma trøstar og trøstar. Og jenta gret og gret. Til slutt må mamma gå, og ho må vere sterk i hendene sine for å løsne den vesle jenta sitt grep om halsen hennar. Ein snill voksen tek imot. Jenta gret meir. Mamma vil også gråte. Men sussar hadet og går, med hjartet tungt utanpå kroppen. Denne dagen som starta så fint, og så skulle det bli så dumt og trist likevel.

Gråten til jenta følgjer mammaen gjennom døra og ut i regnet. Inn i bilen. Starte, køyre, tenke på jenta. Idet ho parkerer bilen i gata, seier mobilen pip, og mamma kan lese: "Det går fint med Alma no :) Hilsen barnehagen." 

Flinke, flinke barnehagen. Så veit mamma at jenta ikkje gret lenger. At ho sikkert spring rundt og ler og har det gøy med vener. Jenta er ferdigtrøsta, og no også mamma. Det er fint, veldig fint. 

Nesten riktig. Bokstavane er der iallefall, så skal dei
berre stokkast riktig, og vips så blir det ALMA <3


5 kommentarer:

  1. Så fantastisk fint skrevet, levde meg inn i dette:-) og gøy å lese om Pur glede strategien:-)Godt jobba!!

    SvarSlett
  2. Tårer i øynene - så godt og så vondt å bære hjertet på utsiden

    SvarSlett
  3. Tårer i øynene her også. Så vakkert og várt skrevet! Kjenner meg så godt igjen, i godt og vondt.

    SvarSlett
  4. Kor nydeleg du skriv om ein kvardag som er slik for mange, av og til.
    Og einige med deg. Flott at barnehagen gir tilbakemelding. Dei har forstått det !!
    Ha ein fin resten av dagen :)
    Anne-Mari

    SvarSlett