mandag 11. februar 2013

Når du har vore borte i hundre år...


...eller iallefall ei veke - og skal hente jenta di i barnehagen etter det som altså er ei veke, 
men kjennest som hundre år - så kriblar det bra i magen. Og i hjartet.


Og det klør i handa etter å halde ein liten, skitten, kald neve.


Og tanken på å seie "Kom no, vi har det travelt og skal heim og lage middag og 
køyre gutane på trening og, og, og.." er ikkje å finne i hovudet denne dagen. 

Istaden er det lov å stå altfor lenge og grave etter skattar inne i muren 
som sjølvsagt ikkje fins der inne, men kun i draumane våre...


...eller hoppe i snøen og plukke istappar.


...og late som om istappen er verdas beste iskrem, og ete den i finfin pompel og pilt-stil 
med jakka dradd over nevane for at ikkje dei også skal bli istappkalde. 

Og ikkje bry seg om at gamle gledesdreparar og Helga seier at dette er 
FY og at ein får makk i rumpa av det. Den tid, den sorg, liksom...

...men vi droppar nok kanskje muligens istappeting i morgon ;)


6 kommentarer:

  1. Svar
    1. Ja, det er herleg å komme heim når einn saknar skikkeleg :)

      Slett
  2. Skjønn lita jente å kome heim til:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Eg syns jo ho er den skjønnaste av alle. Som alle syns om sine ;)

      Slett
  3. Så fint innlegg :) Eg kan godt skjøne at du var glad for å kome heim til denne skjønne skatten etter det som heilt sikkert kjendes som hundre år :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det :) Det er alltid godt å komme seg litt bort, men minst like godt å komme heimatt etterpå <3

      Slett