søndag 24. februar 2013

Vårens fyrste piknik!

Dei første vårdagane er rett og slett magi. 
Og dei blir berre meir og meir magiske for kvart år.


I dag var ein av dei fyrste, ekte vårdagane her hos oss. Vi måtte berre ut på tur! 
Eg, dei to minste monstera og hunden Walter. Og sola.


Som lita jente kan eg hugse at mamma sa at ho gledde seg meir og meir til våren for 
kvart år som gjekk, at den vart berre vakrare og vakrare. Eg hugsar også at eg 
syns dette var veldig rart. Vel, det syns eg ikkje lenger. No er eg vaksen og 
klok sjølv, og skjønar at våren er noko av det beste i heile vide verda.


Teodor fekk bestemme menyen i dag: kyllingsalat med makaroni, brokkoli, avokado 
og tomat. Enkelt å lage, enkelt å ta med, enkelt å ete. Perfekt piknikmat!


I tillegg skeia eg ut og kjøpte juicemaskin for nokre dagar sidan, og vi er heilt øsne heile 
gjengen over vidunderet. Så sjølvsagt måtte vi ha med ferskpressa juice. Frisk og søt 
og orange i fargerike koppar, slike små ting som gjer ein fin tur endå finare.


I dag gjekk vi opp Kjærlighetsstien like bortanfor huset vårt, gjennom trimløypa, ned 
til stadion og vidare heilt ned til Moldøen, den vesle øya under brua. Der dekka 
vi på eit av borda nesten i fjæresteinane, og kosa oss heilt til vi merka at 
hender og ansikt var blitt kalde og stive trass i at sola var stor og fin.


Så pakka vi saman og byrja på heimvegen som vart oppstykka av cirka hundre millionar 
kvile- og kosepausar. Akkurat slik det skal vere på ein god søndagstur.


Eg håpar på mange, mange, mange fleire slike vårdagar som denne!


4 kommentarer:

  1. Høres ut som en perfekt vårdagspiknik - vi har også hatt piknik i helga (men vi har dem gjerne om vinteren også vi). Håper vi får mange slike soldager fremover!!

    SvarSlett
  2. Ja ikkje sant det er litt vår no? Eg har ikkje så mange med meg på det her eg bur, men når fuglane har byrja å synge att, sola varmar, snøen er borte og det kriblar innabords - om ikkje det skal kallast vår så veit ikkje eg! Ser ut som de hadde ein herleg tur. :-)

    SvarSlett
  3. Så heldige dere som har bare bakker! Her ligger snøen dyp ennå. Jeg lengter etter å høre grusen knase under skoene.

    Ha en fin dag, du vakre!

    SvarSlett
  4. Åse, du er ein hjartevarmar <3

    SvarSlett