mandag 20. februar 2012

Når sjuke born blir friske att ;)

Siste veka har vi hatt sjukdom i hus. Ungane har vore nede for telling ein etter ein. Dei blir liksom så små når dei er sjuke, og sjølv ganske store gutar som eigentleg vil ha seg fråbedt for mykje klemming og kosing - treng litt slikt. Eller, kanskje har dei berre vore for slappe til å gjere motstand....?


Uansett. Sjuke born blir friske att. Heldigvis.
Men det er mykje lyd og leven med nyfriske born. Det er som om dei må sjekke at alt i dei 
og rundt dei framleis virkar. Lyd, lys, leikar, hundar, kjøkenmaskiner, armar og bein. No skal eg 
ikkje dra det så langt som å seie at eg skulle ønskje dei var sjuke litt lenger, men....
...det har vore vel mykje støy i huset i går og i dag.


Desse bileta er frå ein herjedag for ei tid tilbake. I dag kunne eg ikkje dokumentere galskapen fordi 
nokon har stole kameraet mitt. Evt kan eg ha forlagt det ein stad. Uansett, det føregjekk 
omlag på same viset, så bileta er sanne nok.


I morgon har dei kanskje vore friske lenge nok til at det ikkje er så spennande lenger. 
Det er jo lov til å håpe...


2 kommentarer:

  1. huff ja det er mye baskelusker i omegn..
    Vi har omgangen her nå,dag nr 2 så vi håper det er over innen i morra..
    Skjønne bilder av dine små:)Godt at formen er bedre..
    Nyt en støyende dag:)
    klem fra Kathrin

    SvarSlett
  2. Tusen takk for det - og god betring til dykk!
    Her har vi hatt ei ny slapperunde på minsta i dag, men eit prinsesseblad (slike som eg eigentleg har sagt til meg sjølv at eg ALDRI skal kjøpe) gjorde underverk med humøret hennar iallefall ;)
    Klemmar frå Åse

    SvarSlett