torsdag 28. juni 2012

Meg og graut, liksom

Kva er det med meg og graut?
Det funkar aldri. Eg trur faktisk at eg kun ein gong i livet har opplevd å lage graut som ikkje svir seg i botnen. Den ligg liksom berre der og lunkar og ertar i to hundre tusen år, og når eg har funne ut at den får lunke litt utan at eg skal stirre den ihel, og heller snur meg bort for å gjere noko anna - SÅ finn den det for godt å koke, og bykse utover kanten eller klumpe seg saman i brun, svidd masse nederst i gryta.


Også denne gongen. Men på andre forsøket vart det bra, sånn nokonlunde. Kun lett sviing i botnen, men ikkje verre enn at eg kunne ha alt saman opp i ei tredje gryte og få måltidet greit i hamn. Stolt mamma, glade born - og etterkvart mette magar. Så enkelt, men akk, så vrient.


Men altså; om eg er dårleg på å koke graut, så kan eg iallefall komme med eit råd til korleis ein skal ete den. Sukker, kanel, rosiner, smørauge og slikt får kvar enkelt velgje etter smak, men eg garanterer at grauten smakar aller, aller best i fargerike skåler. Heilt sant!

Og psssst: gi meg gjerne gode råd for å bli ein betre grautkokar ;)

4 kommentarer:

  1. E.Kvalheim28/6/12 22:02

    Dynegraut!
    http://www.melk.no/oppskrifter/frokost-kvelds/melkeretter-groter/dynegrot/

    ;)

    SvarSlett
  2. Ha ha! Du skriver så bra, Åse :)
    Forøvrig så svidde jeg grøt i flere år før jeg innså at jeg burde prøve noe nytt; Røre fra jeg heller melka oppi kjelen og helt til jeg tar den av plata. Skru ned varmen til laveste temperatur så fort jeg hører at det begynner å rumle i kjelen.

    Hilsen ho som ikke kan koke poteter uten at de blir mos....

    SvarSlett
  3. Fine skåler er viktig, veldig enig :-)

    Eg lagar veldig ofte "dynegraut". Eg følgjer oppskrifta på pakken til eg kjem til punktet "lat småkoke i xx min, rør av og til". Då legg eg lok på og puttar panna i steikeomnen (pakkar ikkje inn panna slik det står i lenken frå einkvan andre). Omnen står på 30-50 grader. Og der står grauten eitpar timar. Når det nærmar seg graut-tid tek eg ut panna - då må du ha nokre fine gryteklutar - og kokar opp med ein mjølkeskvett som eg kanskje heldt tilbake i byrjinga.

    Helsing Silje "på Bøna"

    PS. Når vi ikkje har tid til dynegraut brukar eg gjerne Toro sin pakke med snarkokt graut - dei 5 minutta klarar eg stort sett å passe på....

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har gått over til Fjordland ferdig risengrynsgrøt..
      Har nesten alltid ein kilospakke i kjøleskapet.
      Borneborna, og dei vaksne, sin favoritt :)
      Lettvint og nydeleg god graut !!

      Prøv den ::))

      Fredagsklem frå Anne-Mari

      Slett