onsdag 19. september 2012

Eit godt teikn



Altså. Eg er ikkje sånn veldig overtruisk. Likevel, eg må innrømme at eg set pris på at svarte kattar ventar til eg har passert, før dei kryssar vegen. Og eg må ikkje på død og liv gå under stigar eller trakke på kumlokk eller knuse speglar i hytt og pine. 

Men eg er eigentleg meir oppteken av å fokusere på ting som kan bringe meg lukke, enn ting om kan bringe meg ulukke. Derfor likar eg å sjå og ta vare på små, fine ting i kvardagen - og putte dei inn på "bra-dag-kontoen". Det kan vere at eg ser ei ørn på ganske nært hald. Det er fint, det er mektig, det gir dagen noko ekstra. Eller det kan vere eit smil frå ein ukjent eg passerer på gata. Eller at eg kjenner eg MÅ ha ei appelsin, og så står butikkmannen og lempar opp nye, fine, runde, orange appelsiner på fruktdisken akkurat når eg kjem inn i butikken. Eller at eg skal bake og treng 3 dl vatn og så slenger eg litermålet tilfeldig under vasken - for så å oppdage etterpå at det er akkurat på ein prikk tre dl vatn oppi. Eller at eg ser to fine fargar tett saman som eg kjenner gir meg eit lite energikick i magen. Eller at eg mistar brødskiva på golvet med påleggssida opp for ein gongs skuld. Eller at eg brått høyrer ein rar og rungande latter som gjer at eg berre må le sjølv også, utan at eg veit noko om opphavet til latterkula eg nett høyrde.

Slike små, rare ting meiner eg er fint å samle på. Og viktig. Og eg tek dei til inntekt for ein god dag. Eg tenkjer at når slikt skjer, så betyr det at verda vil meg vel, og då må eg berre tru på at denne dagen blir bra for meg. Som i dag, då eg kom innom Lykke Kaffebar, min andre heim her i Måløy. Nysteikte kanelsnurrar med vaniljekrem stod på disken og eg plukka ein tilfeldig og la på asjettet mitt. Eg kjente på den søte, varme lukta idet eg satte meg ned ved bordet mitt. Og så såg eg det: den gule, fine vaniljekremen var forma som eit hjarte! Det tek eg som eit teikn. På at denne dagen blir bra. På at verda vil meg vel trass alt kaos som måtte finnast i livet mitt nett no. På at eg har vakre ting i vente. I dag, i morgon og dagen etter det.


7 kommentarer:

  1. For et flott innlegg! Dette var dagens tegn for meg, kloke, fine ord som setter seg i hjertet, og får meg til å tenke på dagene man så lett tar for gitt! Takk! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, det gjer meg verkeleg glad at orda mine kan setje seg i hjartet til den som les, og at du kan ta dette vesle innlegget som dagens teikn. Klemmar frå Åse :)

      Slett
  2. Takk for at du skriv slike flotte ord som gjer meg lykkelig. You made my day Åse :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, fine deg :) Det er berre den beste kjensla: å tenkje på at noko ein seier eller gjer kan få andre til å kjenne lukke!
      åseklem :)

      Slett
  3. Så fint og koseleg, og ikkje minst positivt, innlegg :) Eg vart heilt varm om hjartet, og sit no her på jobb med eit smil om munnen. Så då har du vore med på å gjere min dag god òg :) Og det trengst, for i natt hadde minstemann ekstrem tannverk, så det vart svært lite søvn på oss alle. Eg skulle gjerne ønskje at kanelbollen ville hoppe ut av skjermen, for den hadde passa svært godt til kaffikopp nr tre ;)
    Når det gjeld den uventa hjarteforma: Eg har sjølv begynt å samle på "naturlege" hjarter som eg finn i omgjevnaden rundt meg. Desse tek eg bilete av, og har planar om å lage ein stor collage som eg skal feste på lerret og ha i stova :)
    Ønskjer deg ein hjarteleg fin dag :)
    Klem, KristiN

    SvarSlett
  4. Dette gjorde meg glad! Eg trur i dag blir ein veldig bra dag. :-)

    SvarSlett