torsdag 27. september 2012

Ting eg aldri vil forstå

Nokre ting vil eg aldri forstå. Som at enkelte trur at julenissen ikkje fins.
Eller at vaksne folk får seg til å skjelle ut andre for bagatellar. Eller at nokon kan 
meine at så lenge dei sjølve er tørre på beina, så kan det berre vere med alle dei 
som er våte og kalde og at desse kan takke seg sjølv. Eller at det faktisk går an å 
ikkje like avokado. Eller sjokolade. Eller peparkaker. Eller lukta av kanel.

Eller at nokon kan bestemme at Fragglane og Bumpibjørnane ikkje skal gå non stop på 
barne-TV. Eg kan heller ikkje forstå korleis trappa som vart vaska i forgårs brått er full 
av hundehår igjen. Eller korleis det faktisk går an å sitje inni eit svært, tungt fly og berre 
FLY, liksom. Eller kvifor godene i livet har vore, er og truleg vil forbli så ujevnt fordelt.
Eller kvifor hundar flest ikkje kan dresserast til å koke graut og henge opp klesvask.

Og ja, så til det som fekk meg til å skrive dette innlegget:


Eg kan aldri forstå korleis du kan ha eit osterundstykke som skal toppast med to halve 
druer og ein bit paprika, og så faktisk UNNGÅ å lage smilefjes av det. Altså; to halve druer 
og ein lett bøygd paprikabit. Det MÅ jo bli eit smilefjes oppå osten! Sant vel? Men eg var på 
eit møte i går, og då vart vi faktisk servert slike rundstykker som på bilete nr 1. 

Er det rart eg måtte ommøblere? For meg gjekk det ikkje an å ete det rundstykket 
slik det var. Og eg er sikker på at smaken vart heva etter at eg danderte det slik:


Og når eg først var igong, så måtte jo skinkerundstykket 
med agurk og tomat omorganiserast, også.


Eg er overtydd om at livet blir lettare og lysare når maten smiler til meg :)

Kva trur du?

7 kommentarer:

  1. Du fikk meg til å smile iallefall! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra! Då har eg gjort EIN viktig ting hittil i dag, iallefall. Å få folk til å smile, er fint :)
      Ha ein god dag!

      Slett
  2. Så herlig! Jeg hadde også gjort det samme ;)

    SvarSlett
  3. Smilande mat smakar alltid best. Har du nokon gong laga sur munn med paprikaen. Trur ikkje det går an heller.

    SvarSlett
  4. Som æ skulle sakt det sjøl :)

    SvarSlett
  5. Livet blir definitivt bedre når maten smiler til en!! Det er helt sikkert! Man må jo bare smile tilbake da :)

    SvarSlett