søndag 18. november 2012

"Ingenting, vel"

- Mamma, kan du ta lingelakk på meg?
- Ja, snart skal du få neglelakk.
- Mammaaaaaa, kan du ta lingelakk på no, då?
- Ja, ja. Snart. Eg skal berre jobbe ferdig dette.
- Mammmaaaaaaa, eg VIL ha lingelakk!
- Eg kjem straks. Kan du ikkje heller teikne noko fint mens du ventar?

Det kunne jenta. Ho fann fram den grøne øskja med alle tusjane. Og to ark. Krangla litt med hunden Walter som trakka på arket og knurva det. Men så vart det stille. Deilig stille. Lenge. Litt for lenge?

- Alma, kva gjer på på?
- Ingenting, vel!
- Ingenting?
- Ja, men du kan få sjå etterpå, mamma...!


Då skjønte mamma at det var prosjekt på gang. Neste gong skal ein kanskje ta seg tid til å lakke små negler før heile handa brått er lilla...

...men det var jo litt fint også. Og ganske gøy. Og fantefjeset som følgde med på kjøpet, kan iallefall ikkje eg motstå...!



2 kommentarer:

  1. Herlig! Treng ein å pynte seg, så treng ein det - med ein gong! Det der gjorde jo susen like bra som neglelakk. :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, sant! Og eg syns jo ho hadde fargelagt fint og jevnt og med ein veldig flott farge ;)

      Slett