mandag 5. desember 2011

Arbeid, apekattar og ablegøyer...

Kva skjer? Dei siste vekene har eg fått så mykje bestillingar i nettbutikken at eg er reint overrumpla. Men du, så moro det er! Eg plukkar og pakkar og klistrar og limer og sender etter beste evne - og stort sett heng eg sånn nokonlunde med i svingane.

Men så kjem det enkelte dagar der ting rundt meg ikkje vil det same som meg. Som at saksa bit meg i fingrane og handlekorgene spenner bein på meg, at klokka går litt for fort og hovudet mitt litt for seint. Eller.....at apekattar som skal vere med i sendingar stikk av og gøymer seg medan eg snur ryggen til for å hente pakketapen. Det siste skjedde her om dagen...


Eg hadde pakka pent ned koppar og julepynt og andre saker som skulle sendast til ei koseleg dame nord i landet, og denne karen her skulle også vere med. Men han maste om å få klatre litt til i gardinene før han skulle knekkast ned i øskja. Han meinte at det var viktig å få rørt litt på kroppen først, sidan han hadde høyrt at posten kunne vere litt treig på denne tida av året. Eg avbraut han venleg med at vi dessverre ikkje hadde tid til fleire ablegøyer, og at han pent måtte klyve oppi øskja og legge seg tilrette i silkepapiret. Etter litt sukking gjorde han som eg sa.

Men så altså, akkurat då eg snudde meg for å hente pakketapen og lukke kassa, må han ha sett sitt snitt til å lure seg unna likevel. Så då eg kom tilbake i regnveret etter å ha levert alle pakkane på posten, høyrde eg det romsterte borte ved den prikkete skåla med godis oppi. Og der sat apekatten og flirte!

Eg måtte vere litt streng i stemma då eg kommanderte han bort på pakkebordet att, og inn i bobleplastkonvolutten. Han ville først ikkje, men gav seg då han fekk låne penn, papir og hyssing. Vips, så hadde han laga eit skilt der han fråskreiv seg alt ansvar for forsinkinga - og la skulda på meg. Velvel, han får berre kalle meg surrete, viss det var det som skulle til for at han kraup inni konvolutten. Alle som kjenner meg veit jo at det på iiiiiingen måte stemmer likevel.

Nett idet eg skulle lime att, kom det endå eit pip der innanfrå: Om eg hadde tenkt å sende han ut på denne lange reisa, heilt åleine, UTAN niste? Eg tok meg i det, leita fram ein karamell og ein sjokoladebit og la i neven på han.


Apekatten vart godt fornøgd, og eg like så idet eg kunne lime att konvolutten og levere den på postkontoret. Og så håpar eg mottakaren også blir bra fornøgd når den vesle spilloppmakaren dukkar opp i postkassa om eit par dagar!

....men altså....surrete, eg?

6 kommentarer:

  1. Ei heilt fantastisk historie, Åse!

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Kari :)
    Kjekt at du stakk innom bloggen min! Planen er å blogge meir, iallefall når vi startar på eit nytt år. Nett no fyk dagane avgarde her, slik dei gjer for dei fleste av oss i adventstida ;)

    SvarSlett
  3. Det var det eg skjønte at det var ein ape med personlighet på veg!

    SvarSlett
  4. Hehe,det kan du vere trygg på! Og dersom han ikkje har klart å ete opp karamellen og sjokoladen på vegen, får du hjelpe han med det ;)

    SvarSlett
  5. SÅ hærlig lesing <3

    SvarSlett
  6. Eg ser historia levande føre meg og kan sjø deg surre rundt slik du gjorde før i tida :)

    SvarSlett