søndag 25. desember 2011

Ein liten julerunde med mobilkamera


Eg byrjar å gle meg til jul i juli, men eg er ALLTID seint ute med førebuingane likevel. I år har eg vore så sein som eg aldri før har vore. Huset har vore under ei seig oppussing i nesten eit år, og vi har liksom budd i ei krå med alt i kasser rundt oss.


Men eit par dagar før jul kom to kjekke snikkarmenn og fekk fiksa dei to veggane i stova som skulle kleast og den gode elektrikarbroren min kom med ledningar og lys. Og sjølv om golvlister og taklister manglar, sjølv om muren over peisen ikkje er komen opp, sjølv om vindaugskarmane ikkje er malte, så har vi fått tromma ihop nissar og troll og artige dyr til jul likevel.


Eg tok meg ei lita runde med mobilen (fordi kameraet har gøymt seg ein eller annan stad), og plukka opp nokre detaljar frå vårt noko kaotiske, rare og barnslege julehus ;)


No luktar det av pinnekjøt i huset, og ungane er spinnville og driv med intens julegåvekniping så snart eg snur ryggen til. Sjølv har eg faktisk ikkje knipe på ei einaste gåve i år. Enno...


Eg ynskjer kvar og ein av dykk ei god og glad jul, full av vakre fargar. Både utanpå og inni...


Juleklemmar frå Åse :)

6 kommentarer:

  1. God Jul. :)

    Nydeleg julapynt, falt heilt for den fine bambien din.

    SvarSlett
  2. Takk, takk :) Eg fann den på ein loppemarknad for nokre år sidan, trur det eigentleg er ein del av eit salt-og-pepar sett. Er vedig glad i den!
    God jul <3

    SvarSlett
  3. Ser kjempekos ut! God jul :o)

    SvarSlett
  4. God jul tilbake til dykk :)
    I året som kjem, an-magritt, DÅ skal eg besøke deg og den fine familien din i den vidgjetne heimen dykkar <3

    SvarSlett
  5. Ønsker deg og dine ett fint 2012 Åse :)

    Klem Nelly (Dsrl)

    SvarSlett